Her er berekningsgrunnlaget for utslepp av klimagassar frå anna forbruk.

Direkte utslepp av klimagassar er utslepp knytt til forbrenning av fossile energivarer, som for eksempel bilkøyring og oljefyring. I tillegg til dette finst det såkalla indirekte utslepp som er knytt til produksjonen eller levering av varer og tenester som vi kjøper. Eksempel på dette er kjøtt og klede. Berekningar indikerer eit gjennomsnittleg utslepp på 5,6 tonn CO2 per nordmann frå slikt forbruk.

Kva berekninga inneheld

Berekninga er basert på to studiar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) som analyserer miljøpåverknaden frå hushald gjennom kryssløpsanalyse med eksport og import av varer. Analysen omfattar kun CO2 og bereknar dei totale indirekte utsleppa frå hushald i Noreg til ca 21,5 millionar tonn CO2. Frå dette må ein trekkje aktivitetar som elektrisitet og flytransport som allereie er inkludert andre stader i kalkulatoren. Men i tillegg må offentleg forbruk leggast til ettersom hushald dreg nytte av dette. Samla gir dette eit indirekte utslepp per nordmann på 5,6 tonn CO2.

Berekningane er usikre, og forbruket vårt varierer. 5,6 tonn CO2 er meint som ein indikasjon på eit gjennomsnittleg forbruk. Om denne berekninga reflekterer deg er naturlegvis avhengig av ditt forbruk. Dette, samt at ein kan ønskje å kompensere for kun delar av sitt forbruk gjer at du som kjøpar sjølv må skrive inn pårekna utslepp frå forbruk på sida der ein bereknar utslepp.

For meir informasjon, sjå:

Peters Glen P., Hertwich Edgar G. 2006. The importance of imports for household environmental impacts. Journal of Industrial Ecology 10 (3) 89-109

Peters Glen P., Hertwich Edgar G. 2006. Structural analysis of international trade: environmental impacts of Norway. Economic Systems Research. Vol. 18, No. 2, 155-181, June 2006

Klimaavtalen fra Kyoto pålegger Norge å begrense utslippene av klimagasser. I perioden 2008-2012 må de norske utslippene ikke være mer enn 250,6 millioner tonn til sammen. Er de mer enn det, må vi kjøpe kvoter i utlandet for merutslippet vårt.